Personvernerklæring 

 

Sist oppdatert: 11. august 2026

Denne personvernerklæringa gjeld for Aina Neverdal og nettsida ainaneverdal.no.

Eg ønsker at du skal vite kva opplysningar eg har om deg, kvifor eg har dei og kva dei blir brukte til.

Kven er behandlingsansvarleg?

Behandlingsansvarleg er:

Aina Neverdal
Organisasjonsnummer: 923 399 755
E-post: [email protected]

Du kan kontakte meg på e-post dersom du har spørsmål om personvern eller ønsker innsyn, retting eller sletting av opplysningar.

Kva personopplysningar samlar eg inn?

Kva eg samlar inn, kjem an på korleis du bruker nettsida og tenestene mine.

Dette kan mellom anna vere:

• namn og e-postadresse
• telefonnummer dersom det er nødvendig
• bookinginformasjon som dato, tidspunkt og valt teneste eller tema
• kjøps- og betalingsinformasjon
• kommunikasjon du har med meg på e-post eller andre kanalar
• svar du sjølv gir i skjema før og etter ein prosess eller teneste
• tekniske opplysningar knytte til bruk av nettsida, dersom du har samtykt til analyse eller marknadsføringssporing

Skjema, prosessar og personlege opplysningar

Når du bestiller Du er allereie heime eller andre individuelle tenester, kan du sjølv velje å dele personlege opplysningar om til dømes tankar, kjensler, kropp, helse, relasjonar, livssituasjon eller livssyn.

Nokre av desse opplysningane kan vere det personvernregelverket kallar særlege kategoriar av personopplysningar, til dømes helseopplysningar eller opplysningar om religiøs eller filosofisk overtyding.

Opplysningane blir berre brukte for å førebu, gjennomføre og følge opp den tenesta eller prosessen du har bestilt.

Når du deler slike særleg verna opplysningar gjennom skjemaet, ber eg om eit eige, uttrykkeleg samtykke til behandling av dei.

Du bestemmer sjølv kva du ønsker å dele. Eg ber deg om ikkje å dele meir enn det du meiner er relevant for prosessen.

Dersom behandlinga er basert på samtykke, kan du når som helst trekke samtykket tilbake ved å kontakte meg på [email protected]. Tilbaketrekkinga påverkar ikkje behandling som allereie lovleg har skjedd før samtykket blei trekt tilbake.

Kvifor behandlar eg personopplysningane dine?

Eg behandlar personopplysningar for ulike formål.

For å levere noko du har kjøpt eller bestilt
Eg bruker nødvendige opplysningar for å administrere booking, betaling, kommunikasjon, levering og oppfølging av tenesta. Behandlingsgrunnlaget er at opplysningane er nødvendige for å oppfylle avtalen mellom oss.

For å behandle opplysningar du sjølv deler om helse eller andre særleg verna forhold
Når slike opplysningar blir delte gjennom skjema knytt til ein individuell prosess, behandlar eg dei på grunnlag av ditt uttrykkelege samtykke.

For rekneskap og andre lovpålagde plikter
Enkelte opplysningar om kjøp og betaling må oppbevarast i samsvar med gjeldande lovverk.

For nyheitsbrev og marknadsføring
Eg sender berre nyheitsbrev, inspirasjon, informasjon om kurs og tilbod når eg har eit gyldig grunnlag for dette, til dømes at du sjølv har meldt deg på eller samtykt.

Du kan når som helst melde deg av marknadsføringsmail ved å bruke avmeldingslenka i e-posten eller kontakte meg.

Tilbakemeldingar og kundereferansar

Svar du gir i oppfølgingsskjema blir i utgangspunktet brukte for å følge opp prosessen din og for å lære meir om korleis kundane opplever tenestene mine.

Eg bruker ikkje personlege tilbakemeldingar eller kundereferansar i marknadsføring utan at du har fått spørsmål om dette og har gitt eit eige, frivillig samtykke.

Dersom du samtykker, kan du få velje om tilbakemeldinga kan brukast med fornamnet ditt eller utan namn.

Du kan når som helst trekke tilbake samtykket til vidare bruk ved å kontakte meg.

Kvar kjem opplysningane frå?

Dei fleste opplysningane får eg direkte frå deg når du:

• kjøper eller bestiller ei teneste
• reserverer eit tidspunkt
• fyller ut eit skjema
• melder deg på nyheitsbrev
• sender meg e-post eller kontaktar meg på annan måte
• bruker nettsida og samtykker til analyse eller marknadsføringssporing

Kven kan få tilgang til opplysningane?

Eg bruker eksterne leverandørar for å drive nettsida, booking, betaling, e-post og automatisering.

Dette omfattar mellom anna:

Kajabi, for nettside, skjema, kundedata og e-post
YouCanBookMe, for booking og påminningar
Zapier, for automatisering mellom system
Google, mellom anna for e-post, kalender og enkelte administrative funksjonar
Stripe, for betaling
• eventuelle leverandørar av rekneskaps- og andre nødvendige driftstenester

Desse leverandørane får berre tilgang til opplysningar som er nødvendige for den aktuelle tenesta.

Eg sel ikkje personopplysningane dine.

Fleire digitale leverandørar er internasjonale, og behandling av personopplysningar kan i enkelte tilfelle innebere overføring eller tilgang frå land utanfor EØS. Når dette skjer, skal overføringa vere basert på eit gyldig grunnlag etter personvernregelverket og nødvendige garantiar for personvernet.

Automatisering

Eg bruker automatiserte system til praktiske oppgåver som booking, betalingsstatus, påminningar, e-postar og oppfølging.

Eg bruker ikkje automatisert profilering for å ta avgjerder om deg.

Kor lenge lagrar eg opplysningane?

Eg lagrar ikkje personopplysningar lenger enn det som er nødvendig for formålet dei blei samla inn for.

Som hovudregel gjeld dette:

•Opplysningar du deler i skjema knytte til individuelle prosessar blir som hovudregel sletta eller anonymiserte innan 12 månader etter siste oppfølging. Dersom enkelte opplysningar må oppbevarast lenger på grunn av lovpålagde plikter eller eit anna gyldig og nødvendig formål, blir berre dei opplysningane som er nødvendige oppbevarte.
• opplysningar knytte til kjøp og rekneskap blir oppbevarte så lenge eg er lovpålagt å gjere det
• opplysningar til nyheitsbrev og marknadsføring blir oppbevarte til du melder deg av eller ber om sletting
• tilbakemeldingar som er brukte med samtykke, kan brukast fram til samtykket blir trekt tilbake

Personvernregelverket krev at opplysningar blir sletta eller anonymiserte når dei ikkje lenger er nødvendige for formålet.  

Sikkerheit

Eg bruker etablerte digitale leverandørar og tek rimelege tekniske og organisatoriske tiltak for å beskytte personopplysningar mot uautorisert tilgang, tap, endring og misbruk.

Tilgangen til personopplysningar skal avgrensast til det som er nødvendig for å levere og administrere tenestene.

Dine rettar

Du kan, når vilkåra i personvernregelverket er oppfylte:

• be om informasjon om kva personopplysningar eg behandlar om deg
• be om innsyn i opplysningane
• be om at feil opplysningar blir retta
• be om sletting
• be om avgrensa behandling
• i enkelte tilfelle protestere mot behandling
• i enkelte tilfelle be om dataportabilitet
• trekke tilbake eit samtykke du tidlegare har gitt

Slike rettar skal som hovudregel kunne utøvast utan kostnad, og førespurnader skal normalt handterast innan ein månad.  

Kontakt meg på [email protected] dersom du ønsker å bruke ein av rettane dine.

Dersom du meiner at personopplysningane dine blir behandla i strid med regelverket, kan du også klage til Datatilsynet.  

Informasjonskapslar og sporing

Nettsida kan bruke informasjonskapslar og liknande teknologi.

Informasjonskapslar som er strengt nødvendige for at nettsida skal fungere, kan bli brukte utan samtykke der regelverket tillèt det.

Analyse-, annonserings- og marknadsføringsverktøy, til dømes Google Analytics eller Meta Pixel, skal berre aktiverast når det ligg føre nødvendig samtykke.

Du skal kunne velje kva du ønsker å samtykke til, og det skal vere mogleg å trekke samtykket tilbake.

Frå 1. januar 2025 krev norsk ekomlov at bruk av ikkje-nødvendige informasjonskapslar og liknande sporingsteknologi bygger på eit samtykke som oppfyller GDPR-krava.  

Endringar i personvernerklæringa

Eg kan oppdatere denne personvernerklæringa dersom tenestene mine, systema eg bruker eller regelverket endrar seg.

Datoen øvst på sida viser når erklæringa sist blei oppdatert.

KJØPSVILKÅR FOR DIGITALE PRODUKTER FRA AINANEVERDAL

Innledning
Disse kjøpsvilkårene gjelder ved kjøp av digitale produkter (kurs, medlemskap, programmer m.m.) levert av Aina Neverdal (org.nr. 923399755) , heretter omtalt som "Bedriften".

Vilkårene utgjør en juridisk bindende avtale mellom deg som kunde (forbruker eller virksomhet) og Bedriften.

Ved kjøp samtykker du til disse vilkårene. Vilkårene kan oppdateres, og gjeldende versjon er alltid tilgjengelig i kursportalen. Ved vesentlige endringer vil du bli varslet.

Kontakt: [email protected]
Telefon: 90 74 01 13


1. Betaling, angrerett og betalingsforpliktelse

1.1. Du kan betale med kort (Visa/MasterCard). Alle betalinger går via sikre betalingsløsninger (SSL/TLS-kryptering).

1.2. Du kan velge mellom éngangsbetaling eller delbetaling hvis tilgjengelig. Ved delbetaling forplikter du deg til å betale hele beløpet, uavhengig av om du fullfører produktet eller ikke.

1.3. Ved kjøp av digitale produkter gjelder ikke angrerett, jf. angrerettloven §22 bokstav n, da du får umiddelbar tilgang til alt digitalt innhold. Ved kjøp samtykker du eksplisitt til at leveransen starter umiddelbart og at angrefristen derfor bortfaller. Unntak fra denne regelen gjelder kun når det er spesifikt oppgitt på salgssiden. 

1.4. Hvis angreretten benyttes, mister du all tilgang til produktet og tilhørende innhold, inkludert maler og dokumenter.


2. Tilgang og bruk

2.1. Produktene er til personlig bruk og lisensieres til én person. Det er ikke tillatt å dele innhold, maler eller påloggingsinformasjon med andre.

2.2. De fleste produkter fra Bedriften har du tilgang til i 12 måneder fra kjøpsdato, med mindre annet er oppgitt. Etter dette mister du tilgang. Noen produkter har lengre tilgang, men da vil du få det opplyst. Noen produkter har også mulighet for forlengelse til en god pris - det vil du også få opplyst om når det nærmer seg. 

2.3. Det er ditt ansvar å laste ned eventuelle maler eller dokumenter før tilgang utgår. Bedriften er ikke ansvarlig for tap av innhold etter tilgangsperioden.


3. Ansvar og forpliktelser

3.1. Bedriften tilbyr veiledning og strategi basert på erfaring og kunnskap. Vi gir ingen garanti for resultater, da disse avhenger av din egen innsats.

3.2. Du er selv ansvarlig for å implementere det du lærer. 

3.3. Bedriften fraskriver seg ethvert ansvar for direkte eller indirekte tap som følge av bruk av produktet eller maler.

3.4. Produktene gir ikke juridisk, medisinsk, økonomisk eller annen profesjonell rådgivning.


 

4. Taushetsplikt

4.1. Du har taushetsplikt om alt som deles fra Bedriften og andre deltakere.

4.2. Du står fritt til å dele egne erfaringer og resultater.


5. Avlysning, utsettelse og avslutning

5.1. Bedriften forbeholder seg retten til å avlyse eller utsette produktleveranse ved uforutsette hendelser. Ved avlysning vil eventuell innbetalt deltakeravgift refunderes.

5.2. Bedriften kan avslutte din tilgang ved brudd på vilkår, manglende betaling, misbruk eller atferd som ikke er forenlig med Bedriften sine verdier.

5.3. Du kan ikke si opp avtalen etter angrerettsperioden, og er betalingspliktig for hele beløpet, uavhengig av bruk.


6. Force majeure

6.1. Ingen av partene er ansvarlig for forsinkelser eller manglende oppfyllelse ved hendelser utenfor rimelig kontroll (f.eks. sykdom, pandemi, krig, brann, streik).

6.2. Ved langvarig force majeure kan Bedriften fritas fra sin leveringsplikt.


7. Endringer i vilkår

7.1. Bedriften kan endre disse vilkårene. Endringer gjelder kun for nye kjøp, med mindre annet er eksplisitt avtalt.


8. Klager, tvister og gjeldende rett

8.1. Ved klager, kontakt [email protected]. Vi forsøker alltid å løse uenigheter i minnelighet.

8.2. Dersom tvisten ikke løses, henvises den til Forliksrådet eller Tingretten. Norsk rett gjelder i sin helhet.


Sist oppdatert: 6. mars 2026
Kontaktperson: Aina Neverdal
E-post: [email protected]
Telefon: 90 74 01 13

 

Close

50% Complete

Two Step

Snart ferdig!

Skriv inn navn og e-post adressen under her, så vil den på mystisk vis (hehe), komme rett i innboksen din!

Håper du vil like den <3