Du er allereie heime
Du veit kva du skulle ønske var annleis.
Men du får det ikkje heilt til.
I Du er allereie heime jobbar eg intuitivt med akkurat det du ønsker skal vere annleis.
Du treng ikkje vite kvifor du står fast.
Utforsk Du er allereie heime
Alt eg tilbyr, begynner på same stad
Det handlar om å sjå det som ligg bak det synlege.
Bak mønstera du gjentek. Bak det kroppen prøver å fortelje. Bak teikna, energien og den stille stemma som har vore der heile tida.
Enten du kjem til meg gjennom sjela, guidane, identiteten, huset ditt eller noko du ikkje heilt kan forklare, er retninga den same:
Tilbake til den du eigentleg er.
Du er allereie heime
Du veit kva du skulle ønske var annleis.
Men du får det ikkje heilt til.
Kanskje har du prøvd lenge.
Tenkt mykje.
Forstått mykje.
I Du er allereie heime jobbar eg intuitivt med akkurat det du ønsker skal vere annleis.
Du treng ikkje vite kvifor du står fast.
Du fortel meg berre kva du ønsker hjelp med.
Les om Du er allereie heime
Teikn frå den andre sida
Har dei det bra? Ser dei deg? Høyrer dei deg?
Lær å legge merke til teikna frå dei du er glad i – og bli tryggare på det du ser, kjenner og opplever.
Universet til tjeneste
Du er ikkje meint å gjere alt åleine.
Lær å samarbeide med sjela, guidane og Universet – og gi det usynlege noko å hjelpe deg med.
Point of No Return
Det finst eit punkt der du ikkje lenger skal reparere den gamle historia.
I denne kalibreringa gir du tilbake det som aldri var ditt – og går vidare utan å ta fortida med deg.
Før eg gløymde
Kven var du før du lærte kven du måtte vere?
Ei reise tilbake til den delen av deg som hugsar sjela, sanninga og den du var før verda fortalde deg noko anna.
Husrens
Har huset endra seg? Eller har du aldri kjent deg heilt heime der?
Eg undersøker og reinsar energien i huset, slik at det kan kjennast lettare, tryggare og meir som din stad igjen.
Strålevern
Jordstråling og annan belastande stråling kan gå gjennom huset utan at du kan sjå det.
Eg lokaliserer strålinga og endrar eller isolerer retninga, slik at ho ikkje lenger går inn i huset og påverkar dei som bur der.
Eg er Aina, og eg gjer det usynlege synleg
I meir enn 20 år har eg sett, høyrt og kommunisert med det vi ikkje kan oppfatte gjennom dei fem sansane våre.
Eg har kontakt med sjeler, guidar og energi – men eg er minst like opptatt av kva dette faktisk kan bety i det heilt vanlege livet ditt.
For meg handlar det spirituelle ikkje om å flykte frå livet. Det handlar om å vere meir til stades i det.
Eg bruker evnene mine til å hjelpe deg å sjå det som ligg bak det synlege, endre det som ikkje lenger skal styre deg, og finne tilbake til den stille delen av deg som allereie veit.
Eg trur ikkje du treng å bli fiksa.
Eg trur du treng å hugse.
Bli betre kjent med meg
Det dei kjende, merka og opplevde
Kvinne
Deltakar i prosessen
DU ER ALLEREIE HEIME
Etter ei veke:
Meir gode følelser, ikkje tankekjør, mindre lyst på mat (tidlegare trøstespising), eg er rolegare og får sove godt.
Kroppen føles bedre og er mindre stiv. Eg har fått bedre relasjon til dei nærmaste.
No våknar eg og gler meg til dagen skal starte! Eg føler letthet og er ikkje deprimert slik som før.
Eg anbefaler deg verkeleg å prøve, eg angrar ikkje på dette! Gler meg til å sjå kva som kanskje skjer videre i prosessen!
Kvinne
Deltakar på kurs
TEIKN FRÅ DEN ANDRE SIDA
Så deilig med en bekreftelse på mye av det jeg har opplevd ..og ikke minst råd, tips og veiledning!
Tusen takk!
Elin, Alf og Mascot
Kunde etter
HUSRENS
Hun tok tak i våre problemer og 4 uker etter rensing av hus og eiendom har hunden og vi det bra.
Det føles mye lettere å være, og ikke minst å puste i huset.
Godt det finnes personer der ute som har evner og vil hjelpe i en for oss håpløs situasjon.
Anbefaler Aina på det sterkeste.
Kanskje er du ikkje her for å finne noko nytt
Kanskje er du her for å hugse.
Hugse kven du er under alt du har lært, bore og prøvd å få til.
Hugse den stille stemma i deg – og begynne å leve som om du stolar på henne.
Du er ikkje på veg heim.
Du er allereie der.