DU ER ALLEREIE HEIL
__________________________________________
Det er ikkje noko gale med deg.
Men kanskje er det noko som gjer at du ikkje ser det.
Kanskje har du prøvd lenge.
Tenkt mykje.
Forstått mykje.
Kanskje har du også gått inn i endring med ei kjensle av at det er noko i deg som må fiksast.
Men kva om det ikkje er sant?
Kva om du allereie er heil og fullkommen – og det som held deg tilbake, eigentleg er eit slør av gamle tankar, overbevisningar og trussystem?
Det er dette eg jobbar med i Du er allereie heil.
Du treng ikkje vite kva som ligg i sløret.
Du treng ikkje finne ut kva som er gale.
Vi går inn i prosessen med ein heilt annan intensjon:
Du er allereie heil.
Du er allereie fullkommen.
Dette kan vere for deg dersom …
⚜️ Du kjenner at det finst meir i deg enn dei gamle historiene du har gått rundt og trudd på.
⚜️ Tankar om at du ikkje er nok, god nok eller flink nok framleis styrer meir enn du ønsker.
⚜️ Du er lei av å prøve å fikse deg sjølv, og er nysgjerrig på kva som kan skje når vi startar med at du allereie er heil.
Du skal ikkje bli heil.
Du skal oppdage at du allereie er det.
Slik jobbar eg
___________________________________________
Prosessen skjer på innsida av meg – slik som med det meste anna eg driv med ❤️
Eg opplever at sjela mi samarbeider med sjela di. I denne prosessen kjem også guideteamet mitt inn. Dei er fem guidar, og alle har kvar si oppgåve.
Dei har vist meg at dei vil jobbe med sløret som ligg over oss. Sløret som inneheld avgrensingane, overbevisningane og trussystema vi går rundt og ber på.
For det er ikkje du som ikkje er nok, god nok eller flink nok.
Det er sløret som får deg til å tru det.
Ein stor forskjell.
Eg følger det eg ser, kjenner og får inn undervegs. Det eg får inn handlar om prosessen eg opplever at skjer.
Tilbakemeldinga frå sjela di og guidane mine kjem ikkje som ord. Eg ser det som ein film. Det er denne "filmen" eg formidlar til deg i ettertid.
Den personlege tilbakemeldinga di vil vere det som viser seg gjennom deg, i kroppen din og i det du merkar har endra seg etter prosessen.
På den måten er du di eiga fysiske tilbakemelding.
Nokre kjenner mykje medan eg jobbar. Andre merkar mest i dagane etterpå. Og nokre treng meir tid før dei ser eller kjenner noko.
Det finst ikkje éin riktig måte å oppleve prosessen på.
Slik fungerer det
-
Før prosessen
Du får den praktiske informasjonen du treng.
Du skal ikkje velje eit tema, finne ut kva som er gale eller forklare kvifor du står fast.
Det einaste eg ønsker, er at du møter prosessen med eit ope og nysgjerrig sinn – og med intensjonen om at du allereie er heil og fullkommen.
-
Når eg jobbar med deg
På avtalt tidspunkt finn du deg ein roleg plass der du kan sitte eller ligge uforstyrra.
Eg jobbar med deg på avstand. Du treng ikkje vere på Zoom, snakke med meg eller prøve å få til noko.
Eg går inn med den same intensjonen for deg: Du er allereie heil.
-
Etterpå
Først får du tid til å lande i di eiga oppleving. Etter eit par dagar får du nokre enkle spørsmål om det du kjende, merka eller opplevde.
Du får også ei tilbakemelding frå meg om det eg såg, kjende og opplevde medan eg jobba. Denne er ikkje meint som eit fasitsvar eller ein personleg beskjed frå sjela di.
Den personlege tilbakemeldinga frå sjela di og guidane mine vil vise seg gjennom deg, i kroppen din og i det du merkar har endra seg etter prosessen.
På den måten er du di eiga tilbakemelding.
Dette seier dei som har prøvd prosessen
Folk opplever prosessen ulikt. Her er noko av det dei sjølve har fortalt:
«Under prosessen ble jeg fylt av farger, lettelse og ro.»
«Jeg føler meg ubekymret og lett til sinns. Det er enklere å nyte nuet.»
«Jeg vil anbefale opplevelsen.»
Fungerer det på avstand?
«Har aldri opplevd å få hjelp på eit så høgt nivå uten å måtte ta møte fysisk eller på Zoom.»
Historia bak denne prosessen.
____________________________________________________
Då eg var i starten av 20-åra, hadde eg ei oppleving som etter kvart endra heile måten eg forstår meg sjølv på.
Eg var ikkje på ein «spirituell plass» i livet. Eg visste knapt at ordet spirituell fanst.
Eg var ung. Eg dømde meg sjølv. Eg dømde andre. Eg strevde økonomisk. Eg hadde dårleg tru på meg sjølv. Eg kjende meg ikkje god nok, flink nok eller nok i det heile tatt.
Og likevel skjedde det.
Eg fekk ei djup oppleving av meg sjølv som sjel.
Ikkje som noko eg måtte bli.
Men som noko eg allereie var.
I den opplevinga mangla eg ingenting. Eg trong ingenting. Eg måtte ikkje få til noko.
Eg hadde alt, fordi eg var alt.
Den opplevinga viste meg at den ekte delen av oss ikkje forsvinn, sjølv når livet er vanskeleg. Ho blir ikkje øydelagd av frykt, skam, gamle historier eller andre sine meiningar.
Ho kan bli dekt til.
Men ho er der, alltid.
Og det er dette som er utgangspunktet for Du er allereie heil.
Ikkje at du kjem til meg fordi det er noko gale med deg.
Men at vi saman ser kva som kan skje når sløret blir lettare – og meir av den du allereie er, får kome fram.
Kvifor akkurat meg?
________________________________________________
Eg har jobba intuitivt med menneske og energi i mange år.
For over 15 år sidan sa ein av guidane mine:
«Du, Aina, kan bøye energi.»
Eg brukte mange år på å forstå kva det betydde.
I dag er det ein naturleg del av måten eg jobbar på.
Eg følger det eg ser, kjenner og får inn. I Du er allereie heil samarbeider sjela mi med sjela di, samtidig som guideteamet mitt jobbar med det som ligg i sløret.
Dette er ikkje noko eg har lese meg til.
Det er noko eg har lært gjennom mange år med erfaring – og gjennom det eg sjølv har fått oppleve.
Du treng ikkje kome med noko som skal fiksast
Du treng ikkje velje eit tema.
Du treng ikkje vite kva som ligg bak, eller forklare kvifor noko har blitt som det har blitt.
Vi startar ikkje med spørsmålet:
Kva er gale med meg?
Vi startar her:
Eg er allereie heil.
Eg er allereie fullkommen.
Og så ser vi kva som skjer.
Sjå ledige plassarPraktisk informasjon
Pris
kr 1499,-
Varigheit
Ca. 45–60 minutt
Prosessen skjer på avstand
Du treng ikkje vere på Zoom eller møte meg fysisk.
Før prosessen
Du får praktisk informasjon og møter prosessen med intensjonen om at du allereie er heil og fullkommen.
Etter prosessen
Etter eit par dagar får du eit kort skjema. Du får også ei tilbakemelding frå meg om det eg opplevde medan eg jobba med prosessen.
Påmelding
Du er allereie heil er open for nye bestillingar éi veke i månaden.
Viktig
Du er allereie heil erstattar ikkje medisinsk eller psykologisk behandling.
Kontakt lege eller anna helsepersonell ved behov.
Kanskje du lurer på...
Må eg vere med live?
Kva må eg gjere under prosessen?
Kva om eg ikkje kjenner noko?
Korleis kan dette fungere på avstand?
Er dette behandling?
Kva slags tilbakemelding får eg frå deg etterpå?
Du er allereie heil
Du skal ikkje bli noko du ikkje er.
Du kan oppleve å sjå klarare det som allereie finst i deg.
Det er ikkje du som ikkje er nok.
Det er sløret som får deg til å tru det.
Du treng ikkje vite kva som ligg bak eller kva som held deg tilbake.
Du treng berre vere nysgjerrig på kva som kan skje når vi startar ein heilt annan stad:
Du er allereie heil.