DU ER ALLEREIE HEIME
__________________________________________
Du veit kva du skulle ønske var annleis.
Men du får det ikkje heilt til.
Kanskje har du prøvd lenge.
Tenkt mykje.
Forstått mykje.
Og likevel hamnar du tilbake i det same.
Det er slike ting eg jobbar med i Du er allereie heime.
Du treng ikkje vite kvifor du står fast.
Du treng ikkje vite kva som held deg tilbake.
Du fortel meg berre kva du ønsker skal vere annleis.
Så jobbar eg med akkurat det.
Dette kan vere for deg dersom..
⚜️ Du veit kva du vil, men får det ikkje heilt til.
⚜️ Du kjenner at gamle mønster framleis styrer meir enn du ønsker.
⚜️ Du er lei av å berre forstå. Du ønsker at noko faktisk skal bli annleis.
Den beste versjonen av deg sjølv er ikkje målet.
Den ekte er.
Slik jobbar eg
___________________________________________
Når du har fortalt meg kva du ønsker hjelp med, jobbar eg intuitivt med deg på avstand.
Eg får ofte bilete, kjenner energi og legg merke til mønster og samanhengar som kjem fram undervegs.
Eg følger det som kjem.
Nokre kjenner mykje medan eg jobbar. Andre merkar mest i dagane etterpå.
Det finst ikkje éin riktig måte å oppleve prosessen på.
Slik fungerer det
- Før prosessen
Du fyller ut eit kort skjema og fortel meg kva du ønsker skal vere annleis.
- Når eg jobbar med deg
På avtalt tidspunkt finn du deg ein roleg plass.
Eg jobbar med deg på avstand. Du treng ikkje vere på Zoom eller gjere noko spesielt.
- Etterpå
Du får ei personleg tilbakemelding frå meg om det eg opplevde i prosessen.
Du får også nokre enkle spørsmål som hjelper deg å legge merke til det som skjer etterpå.
Dette seier dei som har prøvd
Folk opplever prosessen ulikt. Her er noko av det dei sjølve har fortalt:
«Eg lar ting passere som elles ville irritert meg. Eg har også motteke mykje lettare, både når det gjeld hjelp og pengar.»
«Kraftfull. Djup. Håpefull. Du vekte tillit i meg, og eg har lyst til å utforske denne prosessen vidare.»
«Eg følte meg meir tilfreds, klar, og eg hadde meir kontakt med kroppen.»
Fungerer det på avstand?
«Har aldri opplevd å få hjelp på eit så høgt nivå uten å måtte ta møte fysisk eller på Zoom.»
Historia bak denne prosessen.
____________________________________________________
Då eg var i starten av 20-åra, hadde eg ei oppleving som etter kvart har endra heile måten eg forstår meg sjølv på.
Eg var ikkje på ein “spirituell plass” i livet.
Eg visste knapt at ordet spirituell fanst.
Eg var ung. Eg dømde meg sjølv. Eg dømde andre. Eg strevde økonomisk. Eg hadde dårleg tru på meg sjølv. Eg kjende meg ikkje god nok, flink nok eller nok i det heile tatt.
Og likevel skjedde det.
Eg fekk ei djup oppleving av meg sjølv som sjel.
Ikkje som noko eg måtte bli.
Men som noko eg allereie var.
Den opplevinga viste meg at den ekte delen av oss ikkje forsvinn, sjølv når livet er vanskeleg. Ho blir ikkje øydelagd av frykt, skam, gamle historier eller andre sine meiningar.
Ho kan bli dekt til.
Men ho er der, alltid.
Det er denne vissheita som ligg under alt eg gjer i dag.
Eg trur ikkje menneska kan bli øydelagde.
Eg trur det er noko som treng meir plass.
Kvifor akkurat meg?
________________________________________________
Eg har jobba intuitivt med menneske og energi i mange år.
For over 15 år sidan sa ein av guidane mine:
«Du, Aina, kan bøye energi.»
Eg brukte mange år på å forstå kva det betydde.
I dag er det ein naturleg del av måten eg jobbar på.
Eg følger det eg ser, kjenner og får inn, og jobbar med det som kjem fram hos deg.
Dette er ikkje noko eg har lese meg til.
Det er noko eg har lært gjennom mange år med erfaring.
Du treng ikkje velje tema
Du fortel meg berre kva du ønsker skal vere annleis.
Det kan handle om kroppen, pengar, kjærleik, jobb, relasjonar eller noko heilt anna.
Du treng ikkje vite kva som ligg bak.
Sjå ledige plassar
Praktisk informasjon
Pris
kr 1499,-
Varigheit
Ca. 45–60 minutt
Prosessen skjer på avstand
Du treng ikkje vere på Zoom eller møte meg fysisk.
Før prosessen
Du fyller ut eit kort skjema og fortel meg kva du ønsker hjelp med.
Etter prosessen
Du får ei personleg tilbakemelding frå meg og enkel oppfølging etterpå.
Påmelding
Du er allereie heime er open for nye bestillingar éi veke i månaden.
Viktig
Du er allereie heime erstattar ikkje medisinsk eller psykologisk behandling.
Kontakt lege eller anna helsepersonell ved behov.
Kanskje du lurer på...
Må eg vere med live?
Kva må eg gjere under prosessen?
Kva om eg ikkje kjenner noko?
Korleis kan dette fungere på avstand?
Er dette behandling?
Får eg personleg tilbakemelding frå deg etterpå?
Du er allereie heime
Å lukke gapet mellom det du innerst inne veit, og det du faktisk lever.
Du veit kva du ønsker skal vere annleis.
Du treng ikkje vite kvifor du står fast.
Du fortel meg berre kva du ønsker hjelp med.