KVA OM SJELA DI ALDRI SÅG DEG SLIK DU GJER?
Ei djup aktivering der du får oppleve øyeblikket der sjela di valgte deg.
Mi eiga oppleving satte djupe spor i meg.
“Sjela mi visste korleis livet kom til å bli…
og valgte meg LIKEVEL.
Med glede.”
Så eg laga denne opplevinga for deg.
Ikkje for å fikse deg, men for å hjelpe deg å hugse.
VI LÆRER Å SJÅ OSS SJØLVE KUN GJENNOM DEI MENNESKELEGE AUGENE
Vi går rundt og prøver å fikse oss sjølve.
Kroppen.
Tankane.
Personlegdomen.
Vi dømmer oss sjølve for:
- følelsene våre
- historia vår
- kroppen vår
- sensitiviteten vår
- reaksjonane våre
Som om noko gjekk galt.
Men kva om sjela di aldri såg på deg slik?
Kva viss ho såg heile deg og tenkte:
“Perfekt.
Det er henne eg vil vere.”
KVEN ER DETTE FOR?
Denne opplevinga er for deg som:
- kjenner at det må finnast noko meir enn berre kroppen
- lengtar etter å føle deg elska igjen
- er sliten av å analysere og fikse deg sjølv
- vil kjenne meir ro i kroppen
- føler at du har gløymt kven du eigentleg er
- ønsker kontakt med sjela di
- er sensitiv, djup og spirituell
- ønsker å sjå deg sjølv med nye auge
KVA DU FÅR
Den komplette sjele-aktiveringa
I denne sjele-aktiveringa tar eg deg djupt ned og inn i deg sjølv.
Her kan du få oppleve å komme i kontakt med den større delen av deg, sjela di. Eg er utdanna hypnoterapeut og ved hjelp av ord, setningar og forslag undervegs, hjelper eg deg å passere den kritiske sansen, som er som ei dørvakt inn til det ubevisste sinnet ditt. Der inne kan du få oppleve korleis det er på den andre sida av sløret, som deg - som sjel.
Dette er ei djup guidet oppleving der du:
- møter deg sjølv som sjel
- får oppleve øyeblikket der sjela di valgte deg
- kjenner korleis sjela di ser på kroppen og livet ditt
- slepp tak i identitetar og sjølvkritikk
- opnar for meir kjærlighet til deg sjølv
Integrasjon & journaling
Du får i tillegg kraftfulle spørsmål, journaling-oppgåver og praktiske øvingar som hjelper kroppen å forankre opplevinga.
Blant anna:
- Brevet frå sjela di
- Speiløvelse
- Kroppstakknemlighet
- “Kva gledde sjela mi seg til med dette livet?”
- og mykje anna
Må eg vere spirituell for å oppleve dette?
Kva om eg ikkje ‘ser’ noko?
Kva er hypnoterapi?
Kan eg høyre den fleire gongar?
KANSKJE DU ALDRI VAR FEIL?
Denne opplevinga er ikkje laga for å fikse deg.
Du er ikkje eit prosjekt.
Du er ikkje noko som må reparerast.
Kanskje handlar dette berre om å hugse.
Hugse korleis sjela di såg deg før verda lærte deg noko anna...
Er du klar for å hugse?
ÅPNE PORTALEN