Husrens

 

                                        Gjennomføring 

 

Eg renser huset ditt på avstand. Det vil sei at eg ikkje kjem på fysisk heimebesøk, men gjennomfører rensen i ein meditativ tilstand som ikkje krev fysisk tilstedeværelse.

Eg vil likevel få opp kva som føregår i huset. Det vil sei at eg ser og snakker med den/ dei som «går igjen», eg høyrer lyder og kan «sjå» kva som skjer på samme måte som om eg var i huset.
Eg kjem ikkje til å sjå kva som er i skuffer og skap, eg vil kun sjå det som har betydning for husrensen.

Du treng ikkje å gjere noko spesielt når dette føregår, berre ver og gjer som vanleg. Det har ingen betydning om de som bur der er heime eller borte.

Alt eg ser, høyrer og oppfatter under rensen vil du få vite i etterkant. Det vil sei personer eg møter, samtaler som er gjort, ting som blir vist meg underveis – alt vil du få vite. Av og til har dei til og med beskjeder dei ynskjer å vidareformidle, og det er jo spennande, ikkje sant?
Informasjonen gir eg skriftleg på e-post.

 

Etter husrensen

Etter at husrensen er gjort, kan det merkast på ulike måter.
Desse tre måtane som eg beskriv her, er dei mest vanlege, og du vil oppleve ein av dei:


1. Uroen vil forsvinne med ein gang.


2. Uroen vil forsvinne sakte men sikkert over ein liten periode.


3. Det kan føles som om det blir litt verre før det blir bedre og forsvinn.

 

Eg ynskjer meg ei tilbakemelding om «husets tilstand» etter 4-6 veker. Om det skulle vise seg at ikkje alt er borte, vil eg gjenta husrensen utan noko ekstra kostnad for deg.

 

Viktig 

Eg får av og til forespørsel om eg kan rense eit hus utan at den eller dei som bur der får vite om det. Ofte er det fortvila pårørande som opplever at det skjer uforklarlige ting hos sine næraste. Den/ dei som bur i huset er derimot avvisande til dette, trur ikkje på husrens, synes det er tull osv.

Uansett kor godt meint det er, kan eg dessverre ikkje rense eit hus utan at den eller dei som bur der samtykker eller er informert.
Det som skjer er at eg møter ein svart vegg. Eg får rett og slett ikkje opp noko informasjon. Guidane mine som er med meg under husrensen har forklart meg at vi alle har fri vilje og at den ikkje kan overstyrast.
Dette håper eg du respekterer.

 

Pris

Prisen er kr 2555,-  inkl. MVA

 

BESTILLING AV HUSRENS.

Viktig! Eg vil gjennomføre husrensen i løpet av den veka du har bestilt timen, altså ikkje nødvendigvis på det eksakte tidspunktet du har haka av.

OPPLEVER DU NOKO AV DETTE?

Tegna/ symptoma som eg har lista opp nedanfor er nokon av dei mest vanlege. Det kan opplevast svært ubehageleg og forstyrrande.

Lyder som ikkje har nokon forklaring

Du høyrer lyder som f.eks. fottrinn, dører som åpnar og lukker seg, gjenstander som blir dratt over golvet eller lyder som minner om at nokon "grisler" på kjøkkenet. Du går rundt med høge skuldre, redd for når du vil oppleve det igjen.

Du føler deg iakttatt

Du føler at nokon ser på deg, utan at det er nokon der. Det gjer deg engsteleg og du synes det er ubehagleg å vere heime ålene.

Elektriske ting lever sitt eige liv

Tv-apparat, stereoanlegg, komfyr, støvsuger og t.o.m. barna sine elektriske leikar ser ut til å leve sitt eige liv. Dei slår seg av og på heilt av seg sjølv. Lyspærer i huset ryk i "eitt sett". Du kan òg oppleve at bilen eller traktoren din lever sitt eige liv utan at nokon klarer å finne feil.

Ting flyttar på seg

Ting du har lagt frå deg ein plass, kan plutselig dukke opp ein helt annen stad, eller bli borte utan å dukke opp igjen. Dette kan føre til at du blir irritert og beskylder andre i huset for å rote bort tinga dine. 

Dårleg søvn

Du slit med å sove gjennom heile natta. Du våknar ofte og føler deg sleten og lite utkvilt.

Barna vil ikkje sove på romma sine

Barna synes det er ubehageleg å sove på eigne rom. Dei har i tillegg dårleg søvn. Dette fører til at dei søv inne hos deg og evt. partnaren din, som gjev dårleg søvn og lite privatliv.

Berøring

Du opplever at noko eller nokon tar på deg eller stryk deg over håret. Du kan òg føle at nokon set seg ved sidan av deg, eller på sengekanten utan at det er nokon andre i rommet. 

Lukter

Du kan plutseleg kjenne lukt som som røyk, tobakk eller parfyme, utan at du finn nokon god forklaring.

Kalde "gufs"

Du opplever kalde gufs i huset utan at det kjem trekk fra dører eller vindu. Ein svært ekkel følelse.

Kulde i huset

Du opplever ein kulde i heile huset, eller i delar av huset uansett kor mykje varme som står på. Det kan opplevast som ein indre kulde som er svært ubehageleg.

Tung luft

Du føler at det er tung luft i huset uansett kor mykje du luftar.  

Tappa for energi

Du føler deg tappa for energi, som medfører at du er meir irritabel og mindre tålmodig med barna og partnaren din. Du kranglar òg meir med partnaren din enn vanleg. Dette gir deg ofte dårleg samvit. 

Lite tiltakslyst

Du har planar om alt du skal gjere i og rundt huset, men når du kjem heim forsvinn tiltakslysta som dugg for sola. Du blir fortvila over alt som ikkje blir gjort! Du kan lett bli irritert både på deg sjølv og dei rundt deg.

Mykje hovudpine

Du og andre i huset opplever å ha mykje hovudpine. De "knaskar" hovudpinetabletter, er meir irritable, har "kortare" lunte og er fortvila over konstant å ha vondt i hovudet når de er heime. 

Smerter i kroppen

Du eller andre i huset har vondt i nakke og skuldre. Du har kanskje òg fått leddplager som du ikkje hadde før. 

Traumer og tunge følelsar

Om det tidlegare har vore mykje følelsar i sving hos folk som har budd der, eller det har vore traumer tilknytta huset, kan det opplevast til forveksling likt som om noko eller nokon "går igjen". Det er som om det heng igjen i veggane i huset. 
Mange av tegna er like, men gjerne utan skuggar i sidesynet og at nokon ser på deg eller tar på deg.
Ein husrens fikser dette.

 

Gamle møbler og ting

Tru det eller ei - eg har opplevd å rense flere hus etter at eigarane har kjøpt noko gamalt som dei har tatt med seg heim.
Sterk tilknyting frå tidlegare eigar av enten møbelet eller tingen, kan starte uro i huset. Då renser eg både tingen/ møbelet og huset.

 

 

"Da min kjære døde 30 juni 2018 vart det utrivleg å bu heime. Lite søvn, hovudverk og eg følte meg giddalaus. Katten sat og såg i taket og fulgte med noko som flytta på seg. Eg pakka veska å reiste på hytta. Det var ikkje heilt fredeleg der heller, men der fekk eg i det minste sove. Så fikk eg bremsefeil på bilen, men på "diagnosen" viste det ingen feil. Etter ei stund flytta sonen min inn pga. endring i arbeid, og han klaga på dei samme tinga. Så da måtte noko gjerast! Eg fekk vite om Aina gjennom eit vennepar, så då var det berre å ringe. Traff på ei utrulig hyggelig dama - skulle nesten tru eg hadde kjent henne i årevis. Ja, ho ville hjelpe, dette måtte ein få til. Eg sat då på hytta og var dårleg i nakke og skuldre og lurte på om eg skulle ringe lege. Plutselig var nakken og skuldrene heilt fine, og eg tenkte "kva skjer no?". Bilen med bremsefeil var plutseleg i orden. Min sønn ringte meg om kvelden og lurte på kva som skjedde? Han sa at huset var så tomt - som å komma inn i ein tank. Det endra seg raskt og er no heilt normalt - kun savnet etter min kjære som er igjen ❤️ Aina med sine hjelparar har gjort ein kjempejobb! Så har du andre ting i huset ditt enn hybelkaniner så ring Aina, ho fikser det! (Hybelkaninane må du nok ta sjølv 😄). Dette er den beste investeringa eg har gjort. Tusen takk Aina."


Rune Hauge Hansen
Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.