Freebien din er klar ❤️
Takk for at du registrerte deg til Var det eit teikn?
Her får du ei kort lydfil og eit refleksjonsark med fem spørsmål som hjelper deg å sjå nærmare på ein opplevelse du ikkje heilt klarer å gløyme.
Kanskje var det ein sang.
Ein drøm.
Ei kjent lukt.
Eit dyr som dukka opp.
Ein sterk følelse av nærvær.
Eller noko heilt anna som fekk deg til å stoppe opp og tenke:
«Var dette eit teikn?»
Du skal ikkje prøve å bevise at opplevelsen var eit teikn.
Du skal heller ikkje automatisk avvise den som tilfeldig.
Vi skal berre sjå på det som skjedde med eit opent hjerte og beina godt planta på jorda.
Før du begynner
Velg deg éin konkret opplevelse.
Gjerne ein du framleis tenker på.
Ein opplevelse som trefte deg på ein spesiell måte, og som du ikkje heilt klarer å gløyme eller forklare vekk.
Last gjerne ned refleksjonsarket før du starter lydfila.
I lydfila leier eg deg gjennom spørsmåla eitt for eitt, og du kan stoppe undervegs dersom du treng meir tid til å skrive eller kjenne etter.
Du treng ikkje finne dei «riktige» svara.
Berre ver ærleg om det du såg, høyrde, kjende og opplevde.
Lytt til «Var det eit teikn?»
Finn gjerne ein roleg plass der du får nokre minutt for deg sjølv.
Trykk på play når du er klar.
Ta den tida du treng.
Du kan pause lydfila undervegs og høyre den igjen seinare dersom du ønsker det.
Du kan lytte direkte her, eller laste ned lydfila og ta den med deg.
Last ned refleksjonsarket
I refleksjonsarket finn du dei fem spørsmåla frå lydfila, med plass til å skrive ned det du opplevde og kva du sit att med etterpå.
Du kan fylle det ut på datamaskina dersom PDF-en tillèt det, eller skrive det ut og fylle det ut for hand.
Det viktigaste er ikkje at du kjem fram til eit endeleg svar.
Det viktigaste er at du gir deg sjølv tid til å sjå på opplevelsen utan å avvise den før du eigentleg har kjent etter.
Last ned refleksjonsarketKva sit du att med?
Kanskje kjenner du:
«Dette kan godt ha vore tilfeldig.»
Kanskje kjenner du:
«Eg veit framleis ikkje kva det var, men opplevelsen var viktig for meg.»
Eller kanskje kjenner du:
«Det var fleire ting ved dette som gjer at eg ikkje ønsker å avvise det.»
Alle desse svara er heilt greie.
Du treng ikkje presse deg sjølv til å tru på noko.
Og du treng heller ikkje avvise eit vakkert øyeblikk berre fordi du ikkje kan bevise kva det var.
Det finst ein mellomveg mellom å tru på absolutt alt og å avvise absolutt alt.
Du kan vere open.
Nysgjerrig.
Og jordnær.
Ønsker du å forstå meir?
Kanskje har du opplevd fleire slike øyeblikk.
Kanskje ønsker du å lære meir om korleis teikn kan vise seg, korleis du kan be om dei, og korleis du kan forstå det du opplever utan å gjere kvar fugl, fjøyr og blinkande lyspære til ei melding frå oldemor. Hehe.
I kurset Teikn frå den andre sida får du ei mjuk, trygg og jordnær innføring i teikn og kontakt etter døden.
Du lærer mellom anna:
– korleis teikn kan vise seg på ulike og personlege måtar
– korleis du kan be om eit teikn utan å presse fram eit svar
– kva du kan legge merke til i kvardagen
– kvifor tidspunkt, gjentaking og personleg betydning kan vere viktig
– korleis du kan vere open utan å tolke absolutt alt som kontakt
Du treng ikkje vere medium.
Du treng ikkje ha spesielle evner.
Og du treng ikkje vere sikker på kva du trur.
Kjærligheten tek ikkje nødvendigvis slutt sjølv om livet gjer det.