Kropp, helse & livskraft

 

 _____________________________________________

 

 

For deg som ønskjer meir ro, kontakt og tryggleik i kroppen.

 

Dette temaet er for deg som kjenner at kroppen din ber på noko du gjerne vil møte på ein annan måte.

Kanskje har du vore i kamp med kroppen lenge.

Kanskje kjenner du på uro, stress, låg energi eller ei oppleving av at kroppen ikkje heilt spelar på lag.

Kanskje står du i ein overgang i livet.

Kanskje lengtar du etter meir livskraft, meir kontakt med kroppen, meir ro i systemet eller ei kjensle av å vere meir heime i deg sjølv.

Dette er ikkje ei erstatning for medisinsk behandling, terapi eller anna fagleg hjelp.

Dette er ein intuitiv prosess for deg som ønskjer å møte kroppen frå ein annan stad.

Ikkje som eit problem som må fiksast.

Men som ein del av deg som kanskje ønskjer å bli lytta til, støtta og møtt med meir kjærleik.

Eg vel kropp & livskraft

Dette kan vere for deg som ønskjer meir

⚜️

ro i kroppen
kontakt med kroppen
livskraft
tryggleik
indre støtte

 

⚜️

lettheit
kjærleik til kroppen
mindre kamp
meir samarbeid med kroppen

 

I denne prosessen vel du eitt konkret fokus

 

Til dømes:

“Eg ønskjer meir ro i kroppen.”

“Eg ønskjer å sleppe kampen mot kroppen.”

“Eg ønskjer meir livskraft og energi.”

“Eg ønskjer å møte kroppen min med meir tillit og kjærleik.”

 

⚜️ 

 

Du treng ikkje forklare alt.

Du treng berre velje det området der du kjenner at noko ønskjer meir plass.

Viktig

 

Dette er ikkje medisinsk behandling, terapi eller ei erstatning for lege, psykolog eller anna fagleg hjelp.

Eg stiller ikkje diagnosar, behandlar ikkje sjukdom og gir ikkje medisinske råd.

Du har sjølv ansvar for eiga helse og for å kontakte helsepersonell ved behov.

Denne prosessen er for deg som ønskjer å møte kroppen, livskrafta og det indre systemet ditt frå ein intuitiv og støttande stad.

 

Praktisk

______________________________________________

Dato: 30.07.26
Tidspunkt: Kl. 1800
Pris i pionerfasen: Kr. 899,-
Plassar: 4

Etter påmelding får du eit enkelt skjema der du skriv kort kva du ønskjer at eg skal arbeide med.

Skjemaet vil du få på mail, så sjå etter den!

Vi skal verken møtast "live", på zoom, eller på telefon. Vi møtast "in space"!

Når dato og tidspunkt er der, finn du deg ein roleg plass der du er.

Du sitt/ ligg, har på roleg, svak musikk i bakgrunnen om du ønsker det. Eg anbefaler å lukke augene og puste roleg. Ver i kroppen og kjenn etter kva som skjer i og med deg. 

Eg gjer det samme hos meg og så startar eg prosessen.

Prosessen varer 45 -60 min. 

Eg vel kropp & livskraft