Fridom, letthet & glede

 

 _____________________________________________

 

 

For deg som kjenner at livet har blitt litt for tungt, trongt eller alvorleg.

 

Dette temaet er for deg som fungerer, får ting gjort og held hjula i gang — men kjenner at noko i deg lengtar etter meir pust.

Meir glede.

Meir spontanitet.

Meir lettheit.

Meir fridom.

Kanskje har du teke ansvar så lenge at du nesten har gløymt korleis det kjennest å berre vere deg.

Kanskje er det mykje “må”, “burde” og “eg får berre halde ut”.

Kanskje har livet blitt praktisk, men ikkje særleg levande.

Dette temaet handlar om å gjere plass til den delen av deg som ikkje berre vil overleve, fungere og vere flink.

Men leve.

Le.

Puste.

Kjenne glede utan å måtte forklare eller fortene henne.

 

Eg vel fridom & glede

Dette kan vere for deg som ønskjer meir

⚜️

fridom
lettheit
glede
pust
liv

 

⚜️

spontanitet
indre rom
leikenheit
mindre tyngde
meir kontakt med den levande delen av deg

 

I denne prosessen vel du eitt konkret fokus

 

Til dømes:

“Eg ønskjer å sleppe meir av tyngda eg ber.”

“Eg ønskjer å kjenne meir glede.”

“Eg ønskjer meir lettheit i kvardagen.”

“Eg ønskjer å slutte å leve så mykje frå plikt og alt for mykje ansvar.”

 

⚜️ 

 

Du treng ikkje vite kva som ligg under.

Du treng berre kjenne at du er klar for meir plass.

Viktig

 

Dette er ikkje medisinsk behandling, terapi eller ei erstatning for fagleg hjelp.

Du har sjølv ansvar for eiga helse, eigne val og for å kontakte lege, psykolog eller anna helsepersonell ved behov.

Denne prosessen passar for deg som ønskjer å møte deg sjølv, livet ditt og det som held deg tilbake frå ein djupare stad.

Praktisk

______________________________________________

Dato: 28.07.26
Tidspunkt: Kl. 1800
Pris i pionerfasen: Kr. 899,-
Plassar: 4

Etter påmelding får du eit enkelt skjema der du skriv kort kva du ønskjer at eg skal arbeide med.

Skjemaet vil du få på mail, så sjå etter den!

Vi skal verken møtast "live", på zoom, eller på telefon. Vi møtast "in space"!

Når dato og tidspunkt er der, finn du deg ein roleg plass der du er.

Du sitt/ ligg, har på roleg, svak musikk i bakgrunnen om du ønsker det. Eg anbefaler å lukke augene og puste roleg. Ver i kroppen og kjenn etter kva som skjer i og med deg. 

Eg gjer det samme hos meg og så startar eg prosessen.

Prosessen varer 45 -60 min. 

Eg vel fridom & glede