Retning, jobb & livsoppgåve

 

 _____________________________________________

 

 

For deg som kjenner at noko i livet kallar på meir.

 

Dette temaet er for deg som står i, eller nærmar deg, eit vegskilje.

Kanskje kjenner du deg ferdig med noko, utan heilt å vite kva som kjem vidare.

Kanskje har du ein jobb, ei rolle eller eit liv som på papiret fungerer, men som ikkje lenger kjennest heilt sant.

Kanskje lengtar du etter å bruke meir av deg sjølv.

Kanskje kjenner du at det er noko du skal, men hovudet klarer ikkje heilt å lage planen.

Kanskje har du venta på meir klarheit før du tør å ta neste steg.

Dette temaet handlar ikkje om å presse fram ein perfekt plan.

Det handlar om å gjere plass til den delen av deg som allereie veit meir enn frykta tør å stole på.

Det handlar om retning.

Mot.

Klarheit.

Og om å slutte å gjere deg mindre enn det livet faktisk ber deg om å vere.

 

Eg vel retning & livsoppgåve

Dette kan vere for deg som ønskjer meir

⚜️

klarheit
retning
mot
tillit til deg sjølv

 

⚜️

kontakt med livsoppgåva di
fridom frå gamle roller
kraft til å ta neste steg
meir samsvar mellom den du er og det du gjer

 

I denne prosessen vel du eitt konkret fokus

 

Til dømes:

“Eg ønskjer meir klarheit rundt retninga mi.”

“Eg ønskjer å sleppe frykta for å ta neste steg.”

“Eg ønskjer å bruke meir av meg sjølv i arbeidet mitt.”

“Eg ønskjer å stå stødigare i det eg veit eg er her for.”

 

⚜️ 

 

Du treng ikkje ha heile planen.

Du treng berre kjenne at noko i deg er klart for meir sanning.

Viktig



Dette er ikkje medisinsk behandling, terapi eller ei erstatning for fagleg hjelp.

Du har sjølv ansvar for eiga helse, eigne val og for å kontakte lege, psykolog eller anna helsepersonell ved behov.

Denne prosessen passar for deg som ønskjer å møte deg sjølv, livet ditt og det som held deg tilbake frå ein djupare stad.

 

Praktisk

______________________________________________

Dato: 03.08.26
Tidspunkt: Kl. 1800
Pris i pionerfasen: Kr. 899,-
Plassar: 4

Etter påmelding får du eit enkelt skjema der du skriv kort kva du ønskjer at eg skal arbeide med.

Skjemaet vil du få på mail, så sjå etter den!

Vi skal verken møtast "live", på zoom, eller på telefon. Vi møtast "in space"!

Når dato og tidspunkt er der, finn du deg ein roleg plass der du er.

Du sitt/ ligg, har på roleg, svak musikk i bakgrunnen om du ønsker det. Eg anbefaler å lukke augene og puste roleg. Ver i kroppen og kjenn etter kva som skjer i og med deg. 

Eg gjer det samme hos meg og så startar eg prosessen.

Prosessen varer 45 -60 min. 

Eg vel retning & livsoppgåve