Begynn her

Du er allereie heime

 

Du er ikkje på veg heim.

Du er allereie der.

 

Eg hjelper deg å hugse kven du er, lytte til sjela og samarbeide med det usynlege, slik at du kan leve meir frå den du eigentleg er.

 

Utforsk Du er allereie heime
Aina Neverdal

Alt eg tilbyr, begynner på same stad

 

Det handlar om å sjå det som ligg bak det synlege.

Bak mønstera du gjentek. Bak det kroppen prøver å fortelje. Bak teikna, energien og den stille stemma som har vore der heile tida.

Enten du kjem til meg gjennom sjela, guidane, identiteten, huset ditt eller noko du ikkje heilt kan forklare, er retninga den same:

Tilbake til den du eigentleg er.

 

Du er allereie heime

 

DEN NATURLEGE STADEN Å BEGYNNE

Du treng ikkje leite etter fleire svar, bli meir spirituell eller arbeide endå hardare med deg sjølv.

Det du leitar etter, ligg ikkje lenger framme. Det ligg under alt du har lært å tru om kven du er.

I denne prosessen bruker eg kontakten med sjela, guidane og det usynlege til å hjelpe deg tilbake til den delen av deg som aldri har vore øydelagd, feil eller borte.

Du skal ikkje bli ein ny versjon av deg.

Du skal hugse den du var før du gløymde.

 

Les om Du er allereie heime

        

Fleire vegar tilbake til deg

 

Nokre gonger kjem vegen gjennom sjela. Andre gonger gjennom guidane, teikna, identiteten eller det du ein gong gløymde.

Her finn du kurs og prosessar som hjelper deg å sjå klarare, lytte djupare og leve meir frå den du eigentleg er.

Teikn frå den andre sida

 

Har dei det bra? Ser dei deg? Høyrer dei deg?

Lær å legge merke til teikna frå dei du er glad i – og bli tryggare på det du ser, kjenner og opplever.

Les meir

Universet til tjeneste

 

Du er ikkje meint å gjere alt åleine.

Lær å samarbeide med sjela, guidane og Universet – og gi det usynlege noko å hjelpe deg med.

Les meir

Point of No Return

 

Det finst eit punkt der du ikkje lenger skal reparere den gamle historia.

I denne kalibreringa gir du tilbake det som aldri var ditt – og går vidare utan å ta fortida med deg.

 

Les om prosessen

Før eg gløymde

 

Kven var du før du lærte kven du måtte vere?

Ei reise tilbake til den delen av deg som hugsar sjela, sanninga og den du var før verda fortalde deg noko anna.

 

Les om kurset

          

ENERGIEN I HEIMEN

 

Når det er heimen som treng ei endring  

 

Du merkar ikkje alltid kva som påverkar deg. Du merkar berre at noko ikkje kjennest heilt rett.

Uro, dårleg søvn, ei tung stemning eller ei kjensle av å ikkje finne ro kan ha samanheng med energien i huset og området rundt det.

Husrens

 

Har huset endra seg? Eller har du aldri kjent deg heilt heime der?

Eg undersøker og reinsar energien i huset, slik at det kan kjennast lettare, tryggare og meir som din stad igjen.

  

Les om husrens

Strålevern

 

Jordstråling og annan belastande stråling kan gå gjennom huset utan at du kan sjå det.

Eg lokaliserer strålinga og endrar eller isolerer retninga, slik at ho ikkje lenger går inn i huset og påverkar dei som bur der.

 

Les om strålevern

Eg er Aina, og eg gjer det usynlege synleg

 

I meir enn 20 år har eg sett, høyrt og kommunisert med det vi ikkje kan oppfatte gjennom dei fem sansane våre.

Eg har kontakt med sjeler, guidar og energi – men eg er minst like opptatt av kva dette faktisk kan bety i det heilt vanlege livet ditt.

For meg handlar det spirituelle ikkje om å flykte frå livet. Det handlar om å vere meir til stades i det.

Eg bruker evnene mine til å hjelpe deg å sjå det som ligg bak det synlege, endre det som ikkje lenger skal styre deg, og finne tilbake til den stille delen av deg som allereie veit.

 

Eg trur ikkje du treng å bli fiksa.

Eg trur du treng å hugse.

 

 

Bli betre kjent med meg
Aina Neverdal – medium og spirituell rettleiar

Det dei kjende, merka og opplevde

 

Kvinne

 

 Deltakar i prosessen

DU ER ALLEREIE HEIME

Tema; Fridom, lettheit & glede

Etter ei veke:

 
Meir gode følelser, ikkje tankekjør, mindre lyst på mat (tidlegare trøstespising), eg er rolegare og får sove godt.

Kroppen føles bedre og er mindre stiv. Eg har fått bedre relasjon til dei nærmaste.

No våknar eg og gler meg til dagen skal starte! Eg føler letthet og er ikkje deprimert slik som før.

Eg anbefaler deg verkeleg å prøve, eg angrar ikkje på dette! Gler meg til å sjå kva som kanskje skjer videre i prosessen!

 

 

Kvinne

 

Deltakar på kurs

TEIKN FRÅ DEN ANDRE SIDA

 

Så deilig med en bekreftelse på mye av det jeg har opplevd ..og ikke minst råd, tips og veiledning!

Tusen takk!

 

Elin, Alf og Mascot

 

Kunde etter

HUSRENS

Hun tok tak i våre problemer og 4 uker etter rensing av hus og eiendom har hunden og vi det bra.

Det føles mye lettere å være, og ikke minst å puste i huset.

Godt det finnes personer der ute som har evner og vil hjelpe i en for oss håpløs situasjon.

Anbefaler Aina på det sterkeste.

 

Kanskje er du ikkje her for å finne noko nytt

 

Kanskje er du her for å hugse.

Hugse kven du er under alt du har lært, bore og prøvd å få til.

Hugse den stille stemma i deg – og begynne å leve som om du stolar på henne.

Du er ikkje på veg heim.

Du er allereie der.

 
Eg er klar for å hugse

Aina Neverdal

Eg gjer det usynlege synleg, og hjelper deg å finne tilbake til den du eigentleg er.

Finn fram

Heim
Kurs og prosessar
Tjenester
Om Aina
Kontakt

Praktisk

Logg inn

E-post