VEKAS SJELESJEKK ✦
Du kan kjenne deg igjen.
Men livet endrar seg først når du vèl annleis.
Vekas sjelesjekk hjelper deg å sjå kva som rører seg i livet ditt akkurat no, og kva du kan gjere med det.
VEKA SIN BODSKAP
Kortet denne veka:
NEW LIFE
Det minner oss på kor lett vi kan møte ein heilt ny dag med gårsdagens tankar, forventningar og historier.
VEKAS TRE SPØRSMÅL
Stopp litt opp og svar ærleg på desse tre:
1. Kva del av livet mitt har eg allereie bestemt at må halde fram slik det alltid har gjort?
Lytt etter setningar som «sånn er eg», «det skjer aldri for meg» eller «slik blir det alltid».
2. Kva kunne eg fått auge på dersom eg møtte denne delen av livet med eit nytt blikk?
Ikkje tving fram positivitet. Sjå berre om det finst ein annan moglegheit, ei anna tolking eller noko du ikkje har gitt plass til før.
3. Kva er eitt lite val eg kan ta som høyrer til den nye retninga?
Ei melding, ei grense, ein søknad, ein samtale, ein pause eller ein ny måte å snakke til deg sjølv på.
Eitt val
Vel eitt område.
Skriv først den gamle setninga:
«Sånn har det alltid vore …»
Skriv deretter ei ny:
«I dag vel eg å vere open for …»
Ta så eitt lite steg som passar til den nye setninga innan det neste døgnet.
Du treng ikkje skape eit heilt nytt liv på éin dag.
Du skal berre slutte å gi gårsdagen automatisk stemmerett over dagen i dag. ❤️
VAR DET NOKO HER SOM TREFTE?
Les meir og sjå ledige plassar
Kanskje eitt av spørsmåla fekk deg til å stoppe litt opp.
Kanskje du veit ganske godt kva du vil, men merkar at du likevel hamnar tilbake i det same.
Eller kanskje det berre er noko i deg som veit at livet kan kjennast annleis enn det gjer akkurat no.
Det er dette "Du er allereie heil" handlar om.
Ikkje om å fikse deg.
Ikkje om å bli ein betre versjon av deg sjølv.
Men å sjå deg sjølv som litt meir som den du egentlig er, bak sløret.
Nye datoer for prosessen blir delt her.
På noverande tidspunkt er ingen nye fastsatte datoer satt opp.
Send gjerne ein e-post til [email protected] om du likevel ønsker ein time, så ordner vi det.