Lyskammeret 

 

Til deg

 

Velkommen!

Lyskammeret vart til fordi eg fulgte min eigen drøm, mitt store ønske; å ha djup kontakt med sjela, lytte og ha tillit til at den viser meg kor eg skal gå, kvar einaste dag.

Det er mitt største ønske for deg, òg.

Lyskammeret har samme frekvens som sjela di. Frekvensen er frihet, kjærlighet, glede og fred. Det er «komponentane» som både sjela og Lyskammeret er bygd opp av.

Sidan du ER sjela di så er du frihet, kjærlighet, glede og fred.

Men, kanskje opplever du at kontakten med sjela di er sporadisk og svak? Du opplever i stor grad at det er hovudet og tankane som bestemmer over livet ditt?  Dei bestemmer kva du kan og ikkje kan. Kva du burde og ikkje burde.

Sjela er som ei superavansert drone. Den svever høgt, høgt oppe. Derifrå kan den sjå alt i eit mykje større perspektiv enn det du klarer med hovudet og tankane dine. Det er som om du står midt i ein tett skog. Hovudet og tankane dine ser kun dei fire trea som står nærast, medan sjela ser heile skogen, fjella og alt rundt.

Er du som meg, så har du ein djup lengsel etter kontakt med sjela di. Du ønsker at den skal få større plass i livet ditt. Du veit at denne delen av deg ser det store bilder og vil lede deg.

Er du som meg, så ønsker du å kjenne den tett på og oppleve at sjela og kroppen fungerer som eitt. Ikkje berre sånn av og til, men heile tida. Du lar sjela lede deg, kvar einaste dag.

Eg vil gjerne ha eit sjelemøte!

Prosessen:

 

Gå inn i Lyskammeret med eit åpent hjerte, åpent sinn og med ein einaste intensjon; å møte sjela di.

La den få fylle heile deg, smelte saman med deg, vekke til live kvar einaste celle, omslutte deg og vere hos deg resten av livet.

Det er alt.

Det ER alt.

Paradoksalt nok vil det kunne gi deg alt du vil ha, alt du vil vere og alt du vil gjere.

Eg og guidane mine vil følge deg inn i Lyskammeret. Eg ser ofte at sjela og kroppen bukker til kvarandre i begynnelsen av prosessen.

Det er fantastiske fargar som danser over deg der inne, fargar som er fulle av kjærlighet og glede og som hjelper til med integreringa.

Nokon opplever masse og nokon opplever mindre. Uansett kva du opplever, vil sjela vere der saman med kroppen din. Det er umulig at den ikkje er det. Du ER tross alt denne sjela! Husk dèt!

Ha tillit til deg sjølv og sjela di.

Eg kobler oss energetisk saman før timen tar til. Vi skal ikkje treffast verken på skype eller zoom. Vi møter kvarandre energetisk og ikkje fysisk. Du er hos deg og eg er hos meg.

Når timen begynner så er vi i Lyskammeret begge to. Stol på det.

Slik føregår det:

 

Du bestiller deg ein time i kalendaren litt lenger nede på sida. Du får tilsendt all den informasjonen du treng i ein e-post etter bestillinga. 

Energien går der den skal uansett kor i verden du er. Eg vil koble oss energetisk saman når vi begynner.

Timen i Lyskammeret tar mellom 30 og 45 minutter. 

Eg og teamet mitt vil holde energiane for deg inne i Lyskammeret, men vi vil ikkje lede deg med f.eks ein guida meditasjon. Dette er DI stund saman med DEG. Eg vil at du skal ta inn over deg at du er ein Mester/ Mesterinne. Ei Mesterinne veit kva ho skal gjere, kor kraftfull ho er og kva ho er i stand til. Eg vil at du lar DEN delen av deg få lede deg inne i Lyskammeret. Ha tillit til prosessen.

 

Tida etter Lyskammeret:

 

Tida i Lyskammeret er fantastisk. Den lar deg åpne opp for tettare kontakt med den høgare delen av deg. Men, den virkelige jobben begynner etterpå. Det er då du viser både deg sjølv, sjela di og Universet at du virkelig meiner det! Jobben blir å oppretthalde sjelekontakten.

Du gjer det ved å koble deg på energien til sjela di, helst kvar dag. Finn tilbake til følelsen du hadde i kroppen under opphaldet i Lyskammeret. Føl etter den energien du kjente på der. 

Du kan òg ta kontakt med drømmen du har i hjertet ditt, for då er du i sjeleenergien din. Drømmen du bér på er ingen tilfeldighet. Det er sjela og Universet som har plassert den der! Ikkje begynn å tvil, ikkje la hovudet og tankane få overbevise deg om noko anna!

Alt dette føregår inni deg. Du skal ikkje ta kontakt med noko utanfor deg sjølv. Sjela ER deg, så du skal ta kontakt med deg sjølv, med hjertet ditt. 

Spør om vegen du skal gå for å oppnå drømmen din, lytt etter ditt neste rette steg og sjå livet utfolde seg.

Vis meg straka vegen til Lyskammeret!

Slik blei Lyskammeret til:

 

Lyskammeret blei til fordi eg fulgte min eigen drøm om å ha djup kontakt med sjela. Ha tillit til at den høgare delen av meg viser meg kor eg skal gå.

I starten handla Lyskammeret om begrensningar. Så utvikla det seg til å omhandle frihet.

Fortsatt inneheld det både frihet og det å legge frå seg begrensningar. Men det er blitt så mykje meir!

Sjela mi har fortalt meg mitt neste rette steg. Den ønsker at så mange som mulig skal få mulighet til å komme tilbake til seg sjølv, der sjela har sin naturlige plass.

Eg stoler fullt og fast på det sjela formidler til meg. Det utfordrer meg til tider, men mest av alt er det vakkert, magisk og utrulig spennande!

Så, versågod – her er den oppgraderte utgåva av Lyskammeret. Enjoy!

Om dette høyres ut som noko for deg, så bestill deg ein time i kalendaren under her.

Prisen er kr. 1495,-