Hjertet mitt holdt på å revne

Mar 01, 2025

Hei, du!

Eg held på å lese ei bok av Dolores Cannon. Den heiter «Three waves of volunteers and the New Earth”

Dolores er hypnoterapeut og har hatt tusenvis av mennesker i hypnose. Men ikkje berre det, ho har tatt dei så djupt inn i hypnose av klientane hennar tek ho med på ei reise til der dei opprinnelig kjem frå.

Då snakkar eg ikkje om ein stad på jorda, men i Universet.

Dei fortel om kven dei egentlig er, kor dei opprinneleg kjem frå. Det er andre galaksar, andre dimensjonar, andre stjerner og solsystem.

Nokon har kropper, men som ser heilt annleis ut enn våre. Andre er kun laga av lys.

Dei fortel kvifor dei er her.

 

I 1945, etter atombomba blei sleppt, sendte Universet ut eit signal om at jorda, Gaia, trengte hjelp.

Vi var, og er, (igjen!) på veg mot vår egen utryddelse! Vi har utsletta oss sjølv før. Du har gjerne høyrt om Atlantis og Lemuria?

Universet ønskte ikkje ein gjentagelse av det. Dermed bad dei andre sivilisasjoner frå andre dimensjoner, andre solsystem om hjelp, med eit spørsmål om nokon ville melde seg til å reise til jorda for å hjelpe – frå innsida.

Mange meldte seg.

Mange har aldri vore i ein menneskekropp før og finn det vanskeleg å tilpasse seg den harde og tunge energien som er her.

Dette fortel dei om i djup transe.

 

Det som opprinnelig skulle vere ein klode der vi skulle leve i kjærlighet, frihet, glede og overflod, utvikler seg i retning av krig, hat, drap, makt, penger osv.

Vi klarer ikkje å forvalte kunnskapen og teknologien vi har på ein sunn måte. Grådigheten og «meg-meg-meg» går igjen og igjen i jorda si historie.

 

 Så kvifor skriv eg alt dette?

Fordi eg kjenner at hjertet mitt held på å rivne... fordi eg veit at eg fyrst og fremst ikkje er menneske, men at eg kjem frå ein annan stad.

Eg veit at eg er ei sjel. Og eg kan kjenne dragninga i det eg les. Eg kan kjenne meg igjen når dei beskriv kor dei opprinneleg kjem frå. Eg veit ikkje nøyaktig kor eg er frå, men eg kan kjenne sannheten brenne i hjertet og i magen. Det fins ikkje tvil i meg om at eg kjem frå ein annan stad.

Eg seier ikkje at eg er ein av dei frivillige som det står om i boka. Det trur eg heller ikkje, sjølv om eg ikkje kan vere sikker. Men, eg kan derimot kjenne sannheten i meg når eg les om at opprinnelsen ikkje er frå jorda. Dèt veit eg er sant for meg òg.

 

Eg kjenner på djup fortvilelse over verda slik den er no.

Samtidig har eg håp. Eg har håp om at vi skal klare å snu i tide. At vi ikkje øydelegg oss sjølv denne gongen òg.

Men då må vi vere motvekta. Då må vi vere lyset i mørkret. Då må vi leve liva våre i glede, frihet, kjærlighet og fred.

DÅ er vi motvekt, då gjer vi ein forskjell. For den energien vil påvirke det mørke og tunge.

Slik gjer vi ein forskjell i verden.

Ved å VERE det vi ønsker å sjå og oppleve. Holde fast på det, holde fast på kjærligheten, gleden, friheten og freden i våre eigne liv.

 

Kanskje kjenner du deg litt igjen i meg?

Kanskje du òg veit at du egentlig ikkje er menneske, men ei sjel som har ei erfaring som menneske akkurat no, for så å skulle reise heim igjen?

 

Då kan vi ikkje lenger vere redd for å vise kven vi er, og sei kva vi meiner. Vi kan ikkje lenger vere redd for kva andre måtte tru om oss.

Eg vil vere modig. Tåle å bli ledd av. Tåle at folk ruller med augene av det eg står for. Tåle at mange ikkje vil respektere den eg er, og det eg meiner.

Det fine er at eg veit eg ikkje er åleine!

Vi er mange som meg.

Vi må støtte kvarandre. Støtte kvarandre når vi føler oss annleis enn kva som er forventa og kva som er akseptabelt.

Mykje av det eg har skrive, er ikkje akseptert i den «virkelige» verden. Men det får berre stå sin prøve. Den skakkøyrde verden er ikkje den eg vil sjå til nå eg vil ha nokon å stole på, lene meg på, sjå opp til.

Den vil ikkje redde meg, den vil ikkje redde oss frå vår eigen galskap.

Det er VI som kan redde oss.

Vi er dei vi har venta på!

 

Alle kan finne det i djupet av hjertet sitt.

Men mange har heilt gløymt sannheten om seg sjølv, at det i det heile tatt fins ein annan sannhet.

Redninga vår er inne i oss sjølv.

Ikkje der ute ein stad.

 

 God klem frå Aina 

Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.